Tilbake til hovedsiden
Om Holla Historielag
FORSIDEN
HOLLA-MINNER
KART
2008 - 30 år
KRØSSET
LEILIGHETEN
TURER
Presse
FOTO
HOLLA-BILDER
ARTIKLER
STYRET
Bestillingsskjema
ARKIV
LENKER
HOLLA personer
- Gustav Gulliksen Kaste
- John Jensen Graver
- Commandos Olav Bjørndalen
- ENEVOLD S.B. HØYUM
MØTER REFERATER
 
 
 
oktober 2017
ma ti on to fr

 


Kaptein Høyum - Eidsvollsmannen på Søve

   
17.mai 1958 ble steinen til minne om Enevold S.B. Høyum avduket. Talen ble holdt av lærer Eivind Straume. 

     Enevold S.B. Høyum (1775 - 1830)                                                                    

   
   

ENEVOLD S. B. HØYUM (1775-1830) – BONDEN TIL SØVE 

Eidsvollsmann og styrer av bygdas kornmagasin.

       

Av Halvor Sannes ( - fra HM nr 5. 1991).

Ser en på det som hendte før, under og etter samlinga på Eidsvoll, finner en et folk først og fremst på leiting etter frigjøring. Først kom bonderei­singa, og siden, for full fart, arbeiderbevegelsen. En reising for styringsrett og vandring mot demokrati for alle deler av fol­ket. En ser det best når en trekker inn de historiske og lokalhistoriske fakta.

 

En gjenstridig almue

17. mai 1785 satte bønder i bygdene Holla, Bø, Sauherad og Heddal i verk en klageaksjon mot lokale embetsmenns maktmisbruk. Klagebrevet er underskrevet av 8 menn fra hver bygd, og ført i pennen av bonden Ole Rui.

 

Historikeren prof. Sverre Steen sier: "Gjennom kravene kan en for første gang skimte en norsk bondepolitikk." Ellers hadde bønder gjennom heile enevoldstida reist seg mot embetsmennene. De klaget til kongen, og fikk i København det ord på seg "at de norske bønder er en gjenstridig allmue.”

 

Prokuratorer og andre embedsfolk

”Få år etter "strilekrigen" fikk vi opprørsånd og strid rundt om i de norske bygdene, ei båre av bondeagitasjon gjekk yver landet og med eit nytt stridsemne, tilhøve til borgarklassa", framholder professor Halvdan Koht.

    Med uår og harde tider i begynnelsen av 1780‑åra, steig kornprisene, bøndene kom heilt i kjøpmennenes vold og i hardere klemme enn noensinne. Bøndene førtes i klørne på prokuratorer og andre embedsfolk som utarmet dem på alle måter, sier Halvdan Koht. Det var slike vilkår som var forutsetningen for den største bondereisningen i enevoldstida, Lofthusbevegelsen.

 

Lofthus

Bonden Kristian Lofthus ble etter reiser til København ‑ og møtevirksomhet - dømt til livsvarig fengsel, og døde på Akershus festning i 1797. Lofthus‑bevegelsen ble særlig sterk i Nedenes og Telemark. Det var reine nøden som dreiv disse menneskene. Samtidig med bøndenes opprør fulgte en standsbevissthet blant dem. Det kom til å bety mye for Haugerørsla som også dukket opp på den tida og ellers for heile samfunnsutviklingen etter 1814. Hauge satt i fengsel i mange år og han kom ut med nedbrutt helse.

    "Ser ein tilbake på bondereisinga i dei tidene hadde striden ført dei fram ‑ og det på ein snau menneskealder. Det var på mange måtar ein sterk bondestand som møtte 1814." Dette igjen for å sitere professor Koht.

 

Minnestein over Høyum

Søve Agronomlag hadde før krigen tatt opp arbeidet med å reise en minnestein over Enevold Steenbloch Brandt Høyum. Laget hadde kontaktet billedhuggeren Dyre Vaa, og saken var i god gang i 1939. Så kom krigen og det ble selvfølgelig lagt til side.

Åra gikk, men så engang ut i 50‑åra, kom det ny fart i arbeidet. Holla kommune valgte en komité.

 

17.mai 1958

Først 17. mai 1958 sto minnesteinen ferdig. Den ble først satt opp ved oppkjøringa til Søve, og siden flytta opp til selve skolen.

Nå står den på den grønne plassen foran bygdas første kornmagasin. Der hører den heime. Høym var nemlig ikke bare Eidsvollsmann og bonde på Søve. Han var også styrer av dette magasinet, som siden ble opptakten til sparebanken.

    Under denne avdukinga var kringkastinga tilstede med overføring på riks­nettet. Mannssangforeningen sang og det var musikk av hommusikken.

 

AVDUKINGSTALEN av EIVIND STRAUME

Lærer Eivind Straume holdt avdukingstalen. Den har ikke kommet på trykk før. Her er den i sin helhet:

"Alle nordmenn har ordet på seg for å vera nøko seine i avtrekken. Me rid ikkje den dagen me salar, heiter det. Men det høver ikkje på dei menn som gjekk i brodden då fridomsverket på Eidsvoll blei fullført. Dette verket blei gjennomført med presisjon og på utrulig kort tid.

    Karl Johan hadde truga den norske kongen til å gje frå seg Noreg. Kunngjeringa om dette kom til Kristian Frederik, som da var stattholder i Noreg, fyrst i februar. Han gjekk nå ut frå at han hadde rett til å vera konge i landet dersom folket berre ville sette seg imot Kielertraktata. Men da han hadde samrødd seg med nokre av dei fremste menn i landet, slo han den tanken i frå seg.

    Landsens lagnad lå nå i hendene på det norske folk, sa dei. Dei rådde prinsen til å kalle folket saman, og prinsen han fylgde det rådet. Noko valapparat eksisterte ikkje. Valet måtte ein så og seie improvisere. Det blei sendt brev til prestane at dei skulle kalle folket saman til val 25. februar. Presten skulle fyrst halde ein kort og kraftig tale og så skulle han taka folket i eid på at kvar og ein ville hevde Noregs fridom og sjølvstende, og våge liv og blod for det elskede fedreland. Kvart sokn skulle velje to valmenn, av dei skulle minst ein vera bonde. Byane skulle velje for seg, likeeins hær og flåte. Det var høgtid over det valet. Alle visste at det gjaldt liv eller død for fedrelandet.

    Frå bygdene her i Telemark blei bonden Talleiv Huvestad frå Lårdal vald til å møte på riksmøtet. Talleiv Huvestad var kjent for å vera ein sers kunnskapsrik mann. Han kunne Snorres kongesoger slik at ingen kunne setja han fast der, sa Henrik Wergeland.

Enevold S. B. Høyum blei vald frå Telemark Infanteriregiment der han gjorde teneste som kaptein. Han var gift med dotter av futen Thornsohn her på Søve og med henne hadde han fått garden og dreiv her som bonde. Kapteinstillinga var berre ei stilling ved sia.

    På uppbløyte vegar kom dei seg fram til Eidsvoll 8. og 9. april. Det var leirsuppe i vegane, så dei kunne ikkje kjøre fram til garden. Dei måtte gå og stampe i søla; fram kom dei. Alderdomen trykte dei nå heller ikkje. Høyum med sine 39 år hørte til den eldste delen av laget.

    Det var skarpskodde karar mange av dei, kunnskapsrike og vel inne i politikken både her heime og ute i Europa. Og dei visste kva dei ville. Alle var samde om at Kielertraktaten, den ville dei ikkje godkjenne. Kong Frederik kunne nok gi frå seg sine rettar for seg og ætta, men å gje oss over til Sverige, det hadde han ikkje rett til. Noreg skulle vera cit sjølvstendig rike. Men om vegane for å nå dette målet var del ikkje samde. Det viste seg snart at det var to parti i forsamlinga. Det eine partiet som hadde til førar den gløgge grev Wedel, meinte at me måtte gå inn i ein union med Sverige på hederlege vilkår. I den stoda Noreg var na, med så og seie heile Europa mot seg, kunne me ikkje ta opp kampen mot den svenske hær som hadde ein førar som Karl Johan. Ein union med Sverige var einaste utvegen, meinte dei.

    Det andre partiet ville ikkje ha union. Noreg skulle og Noreg kunne, trudde dei, stå på eigne bein med eigen konge. Føraren for dette partiet var Kristian Magnus Falsen, adelsmann som Wedel, berre 32 år garnal.

    Eit av dei mest stormande møte under heile riksforsamlinga var då saka var framme om å løyve 14 millionar riksbankdaler så ein kunne dekkje utgiftene til neste storting. Alle dei store leiarane var i elden og meiningane sto skarpt mot kvarandre.

    Så kom Jonas Rein med ei tale som hadde større verknad enn nokon annan tale under heile riksrnøtet. Han slutta med desse orda: Og du Norges adelsmann som dog har noe mer som binder deg til fedrelandet, skulle du intet ville ofre; nå vel, da velg svensk overhøyhet, og når da dine barn på siste side av Norges krønike leser da man skrev år 1814 efter Kristi byrd, da solgte Norges menn sitt lands gamle heder, sin frihet og uavhengighet, sine barns odel, for en sum som enhver mann kunne kjøpe en tønne korn for. Da ville de forbanne vårt minne og bittert spotte over vår usseldom.

    Dette var ord som falt heilt ihop med dei tankane Høyum bar på. Han var ikkje politikar, var ikkje med i ordskiftet eingong, men han kjende seg som bonde. Han ville ikkje at hans barn skulle spotte hans minne, og han var soldat. Nå var det spørsmål om større offer enn nokre riksbankdaler. Nå kunne det stå om livet. Han var viljug til å ofre både det eine og det andre. Ein ting sto tindrande klart for han, Noreg måtte ikkje komme under Sverige. Det var ikkje på Eidsvoll han hadde fengje det synet, det var i kjøtet båre. Han hadde det som arv frå ætta si. Oldefaren hans Eskild Eskildsson, var komen frå Bohuslen. Det var norsk land heilt til freden i Roskilde i 1685 då danske­kongen gav det frå seg til Sverige. Men Eskildsson ville ikkje vera svenske. Han flytte yver den nye grensa og busette seg i Tistedalen. Sonen hans, Bent, var sagbestyrer i Tistedalen. Han var gift med Sofie Høyum, og sonen deira tok moras namn. Han kalla seg Petter Nicolai Høyum. Han var oberst og budde på sjefsgarden Haug i Sauherad. Han var far til Eidsvollsmannen her på Søve.

    Bestefaren Bent Eskildsson, var med i krigen da Karl den tolvte ville ta Noreg i 1718. Han var med i treftlingane ved Fredriksten og i Ellingdalen. Han blei borgar i Fredrikshald. Ein kjempekar må han ha vore. Då kronprins Frederik i 1788 vitja Fredrikshald så fekk Eskildsson ei medalje av prinsen med bilete av kongen og med påskrifta: "Urokkelig som Deres høye fjelde står Norges sønners troskap, mot og velde".

    Då prinsen skulle fare frå byen blei han eskortert til fyrste skiftet. Fore eskorten reid Eskildsson; då var han 103 år garnal. Kaptein Høyum hadde såleis redsle for svensk herredøme i Noreg i arv. Det var derfor sjølsagt at han på Eidsvoll med heil hug gjekk saman med dei som var mot union. Han gjekk heilt inn i det partiet som hadde Kristian Magnus Falsen til førar. Det ser ikkje ut som Høyum blanda seg inn i ordskiftet om paragrafane i grunn­loven. Han fann vel ut at det var fleire som kunne det betre enn han. Han var berre glad at det gjekk rette vegen. Og då grunnlova var ferdig og val på konge lå føre, så var det med glede at kaptein Høyum førde inn i protokollen:‑Som representant for Telemark Infanteriregiment velger jeg Norges regent Kristian Frederik til Norges konge."

   Så var dei ferdige på Eidsvoll; og Høyum reiste tilbake til regimentet sitt. Han visste at det han nå gjekk til var ingen barneleik, men han var viljug til med sitt eige liv å verje det som var gjort på Eidsvoll, og han gjorde det med glede og heil hug.

    Vi er samla her i dag, på grunnlovsdagen, for å avduke eit minnesmerke over denne mannen frå Holla som var med på Eidsvoll då fridomen vår blei født. Det burde ha vore gjort for, men det er betre seint enn aldri. Det er berre namnet hans som er prenta inn i denne steinen. Dette minnesmerket er enkelt, slik som mannen var sjøl. Det skal mane oss i dag, og komande slekter i framtida om å vera trufaste og offerviljuge slik som han var det.

    Vi skal også hugse på dei som levde på samme tid som Høyum her i Holla og vidare utover. I dei tunge tidene "da den fattige sultet og den rike led savn". På små og store gardar streva folket med sitt, og blant desse, tusen av småkårsfolk, som ein ikkje eingong rekna med då grunnlova blei til.

    Grunnlova vår var ein av dei friaste i verda, ho var i pakt med tankane frå den franske revolusjon og fridomstrida i Amerika, men full borgarrett til dei som sto nederst på samfunnsstigen ga ho ikkje. Det var vel særleg dei som måtte nøye seg med borkebrødet i dei tunge tidene. Dei var også med og bar tilfang til fridomsverket, og dei var også med og ofra liv og blod til det fedrelandet som tok seg så lite av dei.

    Kaptein Høyum døydde i 1830, og fekk si grav på kyrkjegarden der oppe ved Holla gamle kyrkje. Der fekk sambygdingane hans også si grav. Til alle desse gravene går tankane våre nå:

 

Her ligg dei grav i grav frå hei og ned til hav,

 som stridde så.

Gud sign kvar erleg svein som søv der under stein.

 Gud sign dei kvar og ein der

dei er no.

Men landet dei har rudd det vil me vergia trutt

 til siste stund.

Vår elsk og beste akt, vårt liv og all vår makt

 skal vera Noregs vakt,

 til siste stund.

 I kjærleik varm og mild me legg vår vilje til.

 Då veks det fram, då skal det bløma blidt,

 då ferdet spørjas vidt og alltid stande fritt

 for naud og skam.

Her stig det stort og blått vårt fagre heimlands slott

 med tind og tårn.

 Og som det ervdes ned alt fagrar led for led.

 Det bygjast skal i fred

åt våre born.

 

Så lar vi duken falle."

 

Høyum-rommet

Det var høytid og fest over den maidagen i 1958. De av oss som var tilstede fikk med oss et minne som vil vare hele livet ut. Vi måtte tenke på tradisjonene fra Viggo Ullmann der "gamleklokkaren" talte seg varm i vårdagen.

    Siden har familien til Høyum ført tilbake til Søve noen møbler, bilder og gjenstander som hørte Eidsvollsmannen til. Det er et Høyum‑rom  på Søve i dag. Tradisjon og historie fletter seg sammen oppe på "Søvehaugen". Men Søve har ikke bare historie. Garden har en spesiell botanikk, en spesiell gelogi, og en vil også tenke på noe ei Oslo‑avis skreiv for noen år siden: "Søve er en av Norges solgårder, der den ligger høyt hevet over Norsjø. Norsjø som i sommerdager kan være like mørkeblå som Nord‑Italias alpesjøer."

 

  

Søve bak: Bildet er tatt ved Holla gamle kirke på Høyden. Høyums grav ligger ned til venstre. 

 

Brukernavn


Passord



 

 

HOLLA HISTORIELAGS FORMÅL: Å vekke interesse og skape forståelse for bygdas historie. Laget vil arbeide for å spre kunnskap om vår kulturarv og verne kulturminner av alle slag i bygda.  

 

 HUSK GRASROTANDELEN! 
   følg oss på facebook!

 


 

Et av Arne Johan Gjermundsens store skriftlige arbeider er HOLLAMÅLET i Nedre Telemark. 
550 sider med tettpakka språkhistorie. Her noen smakebiter: 

Ordtak og vendinger:

*Den sto ut i ville været. 
*Vassgras er godt mot hevelser og byller.  
*År lærer meir enn mange bøker. 
*Den finne lyte som leite vil. 
*Det er ikkje bare tida og pengene som teller. 

*Hvis du går med klena på vranga, varsler det ikkje godt

 

Sammenliknings-uttryk:

*Det går som syl i en sekk.

* Gå på som blinde grisar.

*Det ligg på meg som ei klåte

Klengenavn på B: 

Baronen, Billa, Bispen, Blå-Jallis, Bomull, Borr-Borr, Børtes Engel og Bøtta. 

Og på D: Daff, Daffa, Daffen, Dagros, Dala-Mette, Damen, Dansken, Dead Man Walking og Dikken.


Bruk FORUM.  

Hilsen styret
 
 

Holla Historielag, Krøsset, Jernværksveien 16, 3830 Ulefoss. Mailto: holla.historielag@online.no Leder: Tormod Halvorsen, 901 69 634, e-mail: tormohal@online.no SEKRETÆR: Jan Odinsen, 402 02 756, e-post: jodinsen@online.no

Holla Historielag er med i Grasrotandelordningen  Organisasjonsnumer 975 666 646.